Nutheim Gjestgiveri
Ei omfattande oppgradering og endring av området rundt Nutheim gjestgiveri blei gjort våren 2020. Både landskapsarkitekt og anleggsgartnar var tungt inne i prosjektet.
Eg hadde ansvar for å planlegge og plante buskar og stauder i bed rundt hovedbygningen.
Nutheim gjestgiveri ligg oppe i bakkane i Flatdal i Seljord kommune. Der har det vore skysstasjon sidan 1877. Det nåverande gjestgiveriet er bygd tidleg på 1900-talet.
I nært samarbeid med eigar blei det planlagt ei beplantning med planter som kunne passe inn i ein gamal hage, planter som ønskar velkomen med duft og fargar gjennom heile sesongen. Det var også viktig å velge stauder som egna seg til snitt, slik at dei kunne nyttas til dei mange bukettane som prydar gjesterom og spisebord.
Alle planter blei bestilt frå ”Høns and Roses”, hagesenteret i Seljord. Det blei planta bl.a. frukt-tre med kraftigveksande stamme, klatreroser, buskroser, bunndekkande roser, vanleg syrin, dvergsyrin, pionar, ridderspore, arendspir kattemynte, lavendel, hosta, marikåpe, violacornutta, bergasters, iris, storkenebb og solhatt.

Før



Etter

