Midstundtoppen omsorgsboliger
i Kviteseid
Våren 2019 fekk eg i oppdrag å planlegge og laga ei endring av uteområdet rundt ”Midtsundtoppen omsorgsboligar og dagsenter”.
Dei hadde fått ny, stor veranda og ønska å knytte den til eit hageanlegg som bebuerane kunne gå gjennom til ein sitteplass i enden av ein lang plen. Det var også ønske om eit bed ved hovedinngangen.
Anleggsfolk i kommunen endra litt på terrenget og laga ein grusveg frå verandaen, ned ein skråning, bortover plenen til ein samlingsplass. Dei bytta ut jorda der det skulle vera bed.
Planen min inneheldt både nyttevekstar og prydvekstar som kunne vekke minne. Eg valgte nokre plomme og eple-tre som blei espaliera langs stien på yttersida av skråningen. Der blei det også laga eit enkelt gelender til å halde seg i, laga av gamal hesjestaur. Uteplassen ramma eg inn med kantstein og espelie av armeringsmatter. Der blei det planta roser, klematis, kaprifol, villvin og kattemynte. Ellers blei det planta rabarbera, diverse bær, forskjellige prydbuskar og stauder som vil vera kjente for mange eldre. Det var også viktig å få inn planter med god duft og planter som tiltrekker seg innsekt. Ei fontene, eit fuglebad og fuglekasser blei også element i annlegget.
Før


Etter



